OM OSS

Kyrkjekultur Vest AS er eid av Den norske kyrkje: Bjørgvin bispedøme og Bergen kirkelige fellesråd. 

Etableringa av Kyrkjekultur Vest AS har som formål å synleggjere og styrke den kyrkjelege kulturkompetansen i heile bispedømet og utvikle kyrkja som kulturaktør og kulturarena. 

Hovudoppgåvene er: 
1. Vere eit nettverk for kompetansedeling 
2. Kyrkjeturnérådgjevar: Vidareformidle aktuelle produksjonar 
3. Etablere alliansar og samarbeid mellom kyrkje, kulturliv og andre samfunnsaktørar 
4. Vere ein ressurs for større utoverretta prosjekt i bispedømet.
5. Initiere tiltak for kulturfagleg kompetanseheving i møte mellom kunstnarar og kyrkjelydar 
6. Legge til rette for kyrkjelege kulturskuletilbod 

Styret i Kyrkjekultur Vest f.v.: Lise-May Sæle, Kjetil Almenning, Sissel Vartdal, Ragnhild Gudbrandsen, Karl Johan Kirkebø og Ragnhild Jepsen.

Styreleiar er Sissel Vartdal som til dagleg er kyrkjeverje i Sunnfjord. Dei andre styremedlemmane er Ragnhild Jepsen, biskop i Bjørgvin, Lise-May Sæle, Doktorgradsstipendiat, tidlegare fylkestingspolitikar (H) og vara til Stortinget, Karl Johan Kirkebø, pensjonist og medlem i Bjørgvin bispedømeråd og Kirkerådet, Kjetil Almenning som er domkantor i Bergen domkirke og Ragnhild Margrethe Gudbrandsen som er skodespelar. 

Styreleder Vartdal har takka ja til styreleiarvervet, fordi ho har stor tru på at samspelet mellom kyrkje, kultur og samfunn har uforløyst potensiale.  

“Styret har starta ein spennande samtale om korleis etableringa av Kyrkjekultur Vest skal bidra til å løfte den kyrkjelege kulturkompetansen i bispedømet vårt. Innsteget vårt er todelt; vere medvitne og stolte over alt det gode kulturarbeidet som skjer i kyrkjelydane i regi av tilsette og frivillige, og samstundes tenke nytt og større for å samhandle, dele og utvikle dette vidare. Kyrkja er allereie ein tung kulturaktør, med ein viktig brubyggjarfunksjon mot folk og samfunn. Som nyetablert styre er dette meiningsfylt å få arbeide med” seier Vartdal.